Tre snikkarar og eit ballongslepp

Det er ei stor bygningsmasse på stasjonen som krevjar sitt av vedlikehald. Her er snikkarlaget i gang med å legge nytt asfaltpapp på taket til gangen ved «Lille Ida» (reserveaggregatet).

I nokre veker har vi hatt selskap av tre snikkarar; tre spreike, sjekke gutar med godt humør! På dagtid var det snikkering og på kvelden trening, og kanskje ein fotballkamp (om det er nett). Men innimellom slaga blei det også litt tid til å halde oss med selskap; både til måltidene, trekaffen og til og med eit slag Bezzerwizzer blei dei med på – noko vi satt stor pris på!

(No som Mats «Gubbjævel» har tatt over som stasjonssjef er det jamnleg duka for eit slag Bezzerwizzer – og vi har alt jobba oss gjennom alle korta fleire gonger og har begynt å pugge svara – på tide å skaffe eit nytt sett kort?)

Isbjørngangen får nytt golv.

Men tilbake til snikkeringa – Robin, Ørjan og Raymond har jobba so flisane fauk, og har utretta litt tå kvart her på huset! Eller rettare sagt; i husa, husa og utafor husa. Ja til og med under husa har dei vore – Isbjørngangen har fått nytt golv – frå undersida vel å merke. Det har gått unna i ei rasende fart med både store og små oppdrag, nokre synlege, andre meir skjulte (men særs viktige!). Her kjem eit knippe bilete av dei litt mer synlege prosjekta:

Her er snikkarane i gang med å rive ein av lugarane (Lugar nr.2). Medan vi framleis drakk trekaffe byrja det hagle både skapdørar og panel forbi stoveglaset, og det var nære på at fuglehuset blei truffa av vrakgods! Heldigvis gjekk det bra. Medan snikkarane jobbar med sitt syter driftsleiar Ben for at Yukon får litt velfortent kos.
Resultatet: ein tom lugar! Det skjer ikkje meir her i denne omgang – men følg med ved neste snikkarbesøk – det er visst store ting på gang!
Eit anna snikkarprosjekt: Ballongrommet har fått dør – med trapp! No kan ein gå ut gjennom ein lettvint dør, i staden for å måtte opne ein tungvint port. Dette er særleg praktisk når sondeleder skal ut til autosonden, td for å fylle på med nye ballonger.

Den nye døra har glasvindu og slepper inn godt med lys i ballongrommet. Det har blitt ein heilt ny og triveleg atmosfære her inne!

Rett utafor ballongrommet ligg Autosonden. No har det blitt lettvint å gå mellom ballongrommet og autosonden!

Pause frå arbeidet

Ein dag når vakthavende skulle til å sende ballong var det noko veldig til romstering på loftet over sondekontoret. Kva i alle dagar er det som skjer? Det synte seg at snikkarane var i gang med å bære opp noko stort og tungt til ventilasjonsrommet. I trappa var det stopp, i alle fall foreløpig, det store og tunge skulle gjennom ein sving og gjennom ein dør…

Skal dokker heller vere med på å sende ein ballong?

… Jaaaaa!

Her fekk snikkarlaget innsyn i meteorologiens verden – det er tid for å sende ballong! Robin er klar med radiosonden. Raymond og Ørjan er også klar for innsats – kva det no skal vere!
Her ser ein ein snikkar i ferd med å sleppe ballong! Ballongen er blåst opp med passe mykje hydrogengass – målet er at ballongen vil stige med 300 m/ min.

På veg opp igjennom atmosfæren vil radiosonden registrere data som lufttemperatur, lufttrykk, vindretning og luftfuktighet. Medan den stig blir han større og større, og kan bli stort som eit hus! Til slutt sprekk han.

Totalt er det over 800 ballonger som blir sluppet samstundes rundt omkring i verda, og til saman gir dei viktige, synkrone data til meteorologiske institutt verda rundt.

Resultat av snikkarrballongen:
Høgde: 31428 m.
Tid i lufta: 5988 s.
Fart: 315 m / min.

Tid til kos

Før snikkarlaget for heim måtte dei jo få prøve badestampen.

Stampesjefen Ruben tar ansvar for å fylle og fyre – godt hjulpet av ein god klunk helifuel. Snart er det klart for stamping.

Ein runde i stamper er ein luksus i tilveret!

Når ein sit i stampen på Bjørnøya, med utsikt over Barentshavet – og midtnattsola titter fram – ja da står tida stille!

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.