Eventyrleg røyefiske

Eit ekstra gode for oss som jobbar her på eventyrøya er eit meget eksklusivt fiskekort, som det berre blir utstedt nokre få eksemplar av i året! Det er nemleg berre besetningsmedlemmar som får tilgang på røya i vatnene her, og skal vi tru dei som har prøvd fiskelukka, er det er eit eventyrleg fiske!

Mads berga middagen.

Mads er ein av dei som gjerne nyttar ein sein kveld med yr og skodde til å prøve fiskelukka. Her har han testa fisket i Hausvatnet. Ein nøgd gut kom heim med mat til heile «familien».

Minner for livet

Nyleg opna det også for fiske i Laksevatnet. På sommaren er det ferdselsforbod der pga hekkande islom. Her går det ryktar om å vera ekstra stor og fin fisk!

Foto: Mads Opedal Gulbrandsen

Mads var ikkje sein om å komme seg til Laksevatnet når ventetida endeleg var over. Ein vakker dag med forbausande lite skodde og til og med litt sol fór han av stad. Og fangst blei det! Men det hadde visst vore ein kamp å lande røya…

«Han drog båten med seg!»

Ein stolt fiskar fortel om fisk som var so stor at han drog båten med seg! No må det seies at her er det er snakk om ein liten robåt, nesten som eit nøtteskal å rekne, men likavel, vi er imponerte!

Han som taua båten.

Vekta stadfestar at det er fin storleik på røya i laksevatnet. Her eit eksemplar på nesten 2,2 kg!

Fin farge på Bjørnøyarøya. Foto: Mads Opedal Gulbrandsen

Mads har fiska mykje før han kom til Bjørnøya også, Alt frå gjedde i det finske skogene til kveite utafor Kvaløya. Men slik fin røye som her på Bjørnøya har han aldri sett makan til.

Dette er minner for livet!

Kjøkken take-over

Men fisketuren sluttar ikkje ved sløyebenken for Mads, nei, no skal røya saltast og røykjast og so skal det kokkelerast! Sjefskokken Anna synes det er hyggeleg med besøk på kjøkenet.

Metfullmektig i kokkeklær.

Når god-duftane spreiar seg frå kjøkenet er det berre å byrja å glede seg til middag!

Røykt røye *Mads Spesial* med potet og Beurre blanc.

Ser ikkje detta godt ut? «Røykt røye *Mads Spesial* med potet og Beurre blanc». Vi har det jamen godt her på ishavet!

Over 700 vatn å velje i

Men no som storrøya er lokalisert er Mads klar for å utforske nye fiskevatn. Han har høyrt om at det skal vere sett ut fisk i eit ikkje namngitt fiskevatn – no gjelder det berre å finne detta vatnet! På Bjørnøya er det over 700 vatn so her er det litt å velje i 🙂 Satelittkart er studert nøye – det må vera eit djupt vatn – meiner Mads, da kan det vera stor fisk! Han mumler noko om Lygnavatnet, eller var det Holmevatnet – og stryk på dør.

Mads klar for fisketur fisketur til ukjente fiskevatn

Om det blei fisk? Det veit berre vi som er her!

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.