Sommarbåten kjem med fuel og jordbær

… og masse meir! Tørrvarar og dopapir for eit heilt år, diesel til aggregata, helifuel, byggematerialer og til og med ein funklande ny gravemaskin, ni nye senger og stasj til ni nye bad, frysevarar, frukt og grønt, yoghurt, mjølk og andre deilige ferskvarar, og … post! Vi har grua og gleda oss, høyrt om den sidan allereie før avreise, og so endeleg og plutseleg dukkar den opp, gjennom grautjukk skodde, «sommarbåten» KV Bison.

Sjøbjørnen med flåta på slep, lossinga er i gang! (Kapp Posadowski til høgre)

Nattevakta på radioen ser den først, når den passerar Kapp Posadowski tidleg om morgonen. Fram med kikkerten! Joda, på dekket er det stappfullt med alt det der som skal på land, og det er ikkje lite! Om ikkje lenge er sjøbjørnen på sjøen, flåta sjøsettes og traktorar durar ned på kaia. No er det alle mann til pumpene!

Ny leike til besetninga kjem på land.

«Sommarbåt» er eit fenomen på Bjørnøya som høyrar sommarkontingent til. I løpet av nokre hektiske dagar blir det lossa og lessa; etter kvart som dekket blir tømt for alt som skal på land er det dags å sende nokre pallar i retur også, som søppel (pent sortert i glas, metall og plast), strandsøppel, gamal motorolje og utrangert fuel.

Anna og Kine veit å få varene på plass i ein fei!

Traktorer køyrer att og fram, hangaren fylles opp med varar, kjøl og frys fyllast til randen, garasje og naust brukast som mellomlager, det som ikkje får plass må stå ute. Kokkane smører på baguetter i fleng og sender ut grønkasser med servering til arbeidsfolka ute. Når lunsjbufféen er servert dukkar ingen opp, men so plutseleg er vi dobbelt so mange til middag. Slik er det med sommarbåt!

Fuelslanger trekkes gjennom sjøen og på land.

So trekkes fuelslanger gjennom sjøen, og tankanlegg til både helipaden og aggregata får påfyll med ørten kubikk fuel. Det fylles i mange timar, medan koplingar og tankar sjekkes kontinuerleg. Det er full fres døgnet rundt! Og so plutseleg er det slutt. Vakthavende på radioen høyrer at «Nå er det snart fullt her» og «Nå er det fullt.» og so «Vi ruller in slangene». Besøkande elektrikere og teknikere melder frå på radioen at no drar dei tilbake til Bison, og Sjøbjørnen køyrer att og fram med dei siste som skal vere med vidare med Kystvakta. Det er snart klar for avgang.

Tid for avskjed! Mads, Ruben og Alexander gir Ymer all kosen han vil ha!

Vi samles på tunet for å vinke farvel, for også to av «våre» skal reise! Det er Stine, som har vore her to mnd på overtid og no skal heim etter åtte mnd på ishavet i vervarslinga si teneste. Men ho reiser ikkje åleine, ho skal ha med seg han Ymer! Ymer får på seg sele og band, og er hoppande glad fordi han trur han skal på tur, og er ekstra oppglødd over at alle vil klappe og kose med han akkurat no! Det han ikkje veit enda er at han snart skal ombord i KV Bison, han er på flyttefot til Hopen! Vi takkar for laget med kyss klapp og klem, og ønskjer begge to ein god tur, med forhåpentleg minst mogleg sjø.

Tilbake i stua sitt ni besetningsmedlemmer og pustar letta ut etter strabasene. Ny stasjonssjef er på plass og ønskes velkomen. No skal posten opnes, vi skal nyte jordbær og fløyte i store mengder og roen får senke seg igjen. Dei som har vore her ein sommarsesong veit korleis det er: det er godt når sommarbåten kjem, og det er godt når han fer!

Roen og sommarstemninga senker seg over stasjonen!

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.