Karmanvirlar på Bjørnøya

I går hadde vi eit sjeldent fenomen her på Bjørnøya; Karmanvirvlar! Dei spesielle virvlane vart oppdaga på satelittbileta som syner skydekket i området vårt. Spennande! På stasjonen var det grauttjukk skodde, men på satelittbileta ser vi va som foregår over skodda.

Yr la ut eit fint bilete av Karmanvirvlene på Facebook.

Karmanvirvlar kan oppstå når vind blåser kring toppen av eit kjegleforma fjell. Under bestemte høve kan vinden bli pressa kring fjellet i staden for over, og karmanvirvlane vil da oppstå i turbulensen i lesida av fjellet. Omtrent slik som når vann i ei elv møter på ein stein, og det blir laga virvler i straumen bak steinen!

I dette tilfellet kom vinden frå nordaust, og bretta seg kring fjellet Urd (536 moh), som er kjegleforma.

Karmanske virvlar kan opstå i væske eller gass, og er oppkalla etter den Ungarn-Amerikanske fysikeren Theodor von Kármán.
Les meir om Karmanske virvlar her.

Karmanvirvlar som værfenomen er sjeldne, og ein ser det berre nokre få stader på jorda; t.d. på vulkanske øyer som Jan Mayen eller i Stillehavet. No også observert på Bjørnøya!

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.