Ny besetning i sving!

Da har ny besetning kome godt i gang med arbeidsoppgåvene og vi begynner å bli kjente! Både med kvarandre, hundene, hyttene, ærfuglene på reira kring husveggane og ikkje minst luksusen med badstu og badestamp!

Utebilde med utebord der det blir planta og sådd.
Huset sine gartnere, Anna og Nils Rune, i gang med våronna. I bakgrunnen: «VCFG» – tåke på avstand.

Turliv

Noko som står høgt på lista hjå mange besetningsmedlemmar er å komme seg ut på tur. So snart skyteprøven var bestått strauk fleire på dør for å utforske eventyrøya, eller for å gå i «gamle trakter»- alt ettersom. Nokon har prøvd seg på røyefiske ved Hausvatnet, nokon har vore på byvandring ved Tunheim, nokon har vandra på fuglefjellet i sol og 14 varmegrader og nokon har vore på nattevandring opp Skrekkjuvet og over Misseryfjellet i grauttjukk skodde.

Ein av dei som har vist seg som ivrig turgåar er Mads, som kom heim heilt over seg av begeistring og kameraet fullt med flotte bilete av revungar, lomvi, gamle graver med hodeskaller i og fjell innhylla i skoddeflak. Når vi spur han kva som var det beste med turen får han vansker med å svare; alt, eigentleg, men Revdalen og fjella i sør, det var som ein utopi, der fann han sitt Nirvana!

Rød hytte ved sjøen
Russehamna er eit paradis! Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen

For dei som ikkje er like ordsterke (som skribenten her) har vi slått opp desse fine orda:

Utopi = forestillingen om et perfekt sted eller lykketilstand
Nirvana = tilstand av ro, harmoni, fred, stabilitet eller glede

So da so! Dei som har vore her, vil nok kanskje kjenne seg att i omtalen av Eventyrøya?

Fjell og hav
Mot Norskehamna og Ingebrigtsøyne. Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen
Fjell og hav og ei linsesky
Legg merke til den stilige skyen! Flott eksemplar av Lenticularis. Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen
fjell omkransa av tåkeskyer og fugler i lufta
Mykje fugleliv overalt. Og lave tåkeskyer. Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen
Fjellrevunge titter fram mellom steinene
Møte med ein nysgjerrig liten rakkar! Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen
Hund i band går mot rødmalte bygningar
Sjølv om vi elskar skyer, er det flott med blå himmel også! Foto: Mads Oppedal Gulbrandsen

Måltider på ishavet

Vi har også rukket å bli bortkjemte med god mat.

det blir dekka på bordet

Glimt frå menyen:

  • Porchetta med salvie, aprikos og pistasjnøtter
  • Sushi
  • Steambuns med pulled pork
  • Suksesterte
  • Fiskepinnetaco
  • Lammeskanker med rotgrønnsaker
  • Piggvinge med sennepssaus. (Eller pingvin, som på folkemunne her)
  • Ishavsrøye
  • Festbord

Ein annen høydare var rett og slett pannekaker, med flesk og … stekte pærer! Dette håpar vi å få meir av 😉

Til alle måltider er det i tillegg ymse fruktfat og salater, noko for ein kvar smak. Smaksløkene våre får også rulle seg i eit velvære av smakstilsetningar frå huset si eige urtehage, som stadig blir utvida til nye avdelingar i vinduskarmer i både stua, spisestua og kjøken. Og god drikke er ikkje gløymt: her vankar det både cambucha og ingefærshot!

Det har blitt mange gode stunder kring matbordet, det naturlege samlingspunktet for besetninga! Kokkene Kine og Anna steller godt med oss, og vi set veldig pris på det!!

festbord dekka på med duk, servietter og små retter
Kine og Anna har laga til eit deilig festbord med rettar med hemmelege ingrediensar!

Med gode måltider fylgjer for øvrig også gode restar, og for oss som er på nattevakt er ein runde innom kjølen og restebordet der noko å sjå fram til!

Det var alt for no, men følg gjerne med i neste episode!

LdB

Én tanke om “Ny besetning i sving!

  1. Fantastiske bilder fra kjente områder, bodd i både gamle og nye hytta i Russehavna, en tid siden, håper på mange bilder fra øya framover, vekker gode minner for tidligere beboere. Håper dere nyter oppholdet, dere er privilligerte, husk det

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.