Flystripa på Bjørnøya og tyske vêrstasjonar under 2. verdskrig

Eit av turmåla her på øya er «flystripa» på nordvestsida av øya. Ho blei ordna til av tyskarane under andre verdskrig. Det er ikkje mykje å sjå der i dag; det er ei heilt flat grusslette (og akkurat dét er litt spesielt her midt oppi steinrøysa) med eit flyspor i midten og ei gamal «trekasse» ved den sørlege enden. Det skal visst ha landa eit fly her, eingong, får eg høyre. Meir vites det visst ikkje. Eller?

Spor i grusen: Flystripa nordvest på Bjørnøya. Spor etter fly som landa her for over 80 år sidan synes framleis. Bilete: Lisanne de Blecourt

Eg blei litt nyfiken, og på ei nattevakt byrja eg leita på nett. Første søk fører meg rett til ein tidlegare utgåve frå vår eige Bjørnøyablogg frå 2010. Og her er det eit bilete frå flystripa, med fly på!

Vêrstasjonen «Kröte» på Bjørnøya, med He 111 i bakgrunnen. Sett opp oktober 1942. Bilete frå Schwerdtfleger & Selinger (1982).

Biletet er frå boka «Wetterflieger in der arktis 1940 – 1944» av Werner Schwerdfeger og Franz Selinger (1982). Biletteksten fortel om ein værstasjon «Kröte», og namnet Schütze og flyet: ein «He111». So spennande! No får eg det travelt på nattevakta, ganske fort dukkar det opp eit nytt bilete, denne gongen på www.krigsbilder.net. Der er han som landa på Bjørnøya: Rudolf Schütze!

Rudolf Schütze i He 111. T.v.; Meteorolog Gerhard Perlewitz.

Biletet er frå albumet «Wetterkundungstaffel Wekusta 5». Det ligg fleire bilete i albumet, mellom anna eit der «Rudolf Schütze blir feiret 24.mars 1943 etter å ha mottatt ridderkorset». Kven var denne Schütze, og kva er Wekusta 5?

Wekusta

Søk på tysk og engelsk fører til meir info om Wekusta, som på Warfare history network og Wikipedia. Google translate kan fortelje at:

Wettererkundungstaffel = værrekognoseringsteamet

«Wekusta» eller «Westa» viser seg å vere forkortinga av Wetterkundungstaffel; «værrekogniseringsskvadron«, og tyskarane oppretta 11 slike i løpet av andre verdskrig,
som Wekusta 5 ved Værnes og Wekusta 6 ved Banak. Einingane høyrde inn under Luftwaffe og hadde som oppgåve å samle inn vêrdata frå fly i områder som berre var tilgjengelege med fly, i dette tilfellet Barentshavet og Svalbard. Gode vêrdata frå desse områda var viktige for den tyske krigsmarinen. Særleg etter at Bjørnøya og Spitsbergen blei evakuerte av dei allierte sommaren 1941, og vêrobservasjonar herfrå slutta å kome, oppstod behovet for tyskarane å opprette ei eige vêrteneste. Ein Wekusta var av skvadronstyrke og var bemanna av både meteorologar og flygarar. Ein av desse flygarane var Rudolf Schütze. Og han blir omtalt som den absolutt beste vêrflygaren; både særs erfaren og dyktig!

Ei spennande bok

Fleire søk på Rudolf Schütze fører på ny til den tidlegare nemnte boka «Wetterflieger in der Arktis 1940 – 1944». Det viser seg nemleg at Schütze har skrive dagbok som skal vere gjengitt i denne boka! Kanskje skriv han om flyplassen på Bjørnøya? Denne boka må eg få tak i!

Eg treng ikkje å leite lenge, på Bjørnøya finnes det rikhaldige bibliotek, både i stua og på Reserven. Bøkene er katalogisert. Og joda – Wetterflieger in der Arktis finst på huset! På tysk.

«Vêrflyger i arktis 1940-1945″ – Opplevingar og erfaringar i Vêrrekogniseringstroppen i det høge Norden.»

Av Werner Schwerdtfeger og Franz Selinger (Motorbuch Verlag Stuttgart, 1982)

I boka er dagboka til vêrflygaren Rudolf Schütze gjengitt. Her kan ein lese om korleis og kvifor tyskarane anla flystripe på Bjørnøya under andre verdskrig, kva fly som landa her og når.

Boka viser seg å vere ei spennande beretning. Her kan ein lese alt som er å vite om flyplassen på Bjørnøya + litt til! Eg visste ikkje at det var so mykje historie bak dette unnselege turmålet!

Vêrflygaren Rudolf Schütze var stasjonert på Værnes, seinare ved Banak. Han skriv om korleis dei har ulike flygeoppdrag i område der det knapt har vore fly før, og dei landar på dei utrulegaste stader, der det aldri har landa fly før, som på Bjørnøya!

Ein får fort sympati for han Rudolf, han fortel om sine opplevingar med stor begeistring; for naturen, for dei store øde områda i Arktis og for folka som (utruleg nok) bur her. Han verkar som ein flygar som brenn for yrket sitt. Han tar sjansar – han foretar landingar der det ikkje skulle vore mogleg å lande, men han er dyktig – han får det til! Han let til å vera lite opptatt av krigen, ein gløymer nesten at han tross alt er i Luftwaffe si teneste. Han er meir opptatt av å oppdage det ukjente, ta flotte naturbilete, bli kjent med folka som bur der ute på ishavet.

Rudolf Schütze landar totalt 3 gonger med sin He 111 på Bjørnøya i samband med oppsett av «Kröte». Han lander her ein gong til året etterpå, da med ein Arado 232. Altså har det landa fly på denne flystripa 4 gonger totalt.

Oktober 1942: Schütze får i oppdrag å fly til Bjørnøya for å sjå om det kan vere mogleg å lande der. Tyskarane vil finne ut av om det er fientlege postar der, og ikkje minst vil dei setje opp ein vêrstasjon av typen «Kröte» (sjå lenger ned i teksten). Flyet dei brukar er ein Heinkel 111.

Schütze har alt flydd over Bjørnøya fleire gonger og tykjer oppdraget er spennande. Den sydlege delen med fjella er i alle fall ueigna, men han trur den nordlege delen kan by på moglegheiter. Det blir fleire turar på rekognoseringsferd over øya, men vêret er utfordrande; dei møter på «kraftige stormer», snøkav og vindkast på tvers. Men til slutt får han sett seg ut ei flatt strekke nordvest på øya som «allereie skilte seg ut på grunn av si lysere farge«:

Går det an å lande her mon tru?

«Her slutta den ellers ganske trøstesløse overflaten med steinrøys fullstendig, og ein gulbrun, flat sandbotn kom til syne.» (Schwerdtfleger & Selinger s.171)

Bilete: Lisanne de Blecourt

18. oktober: Første landingsforsøk. Schütze har sett seg ut ei flate på ca. 1 km som strekker seg N-S. Etter nokre runder med prøveinnflyging er det dags å prøve:

«Eg senkar understellet – for besetninga stig spenninga til nye høgder – eg nærmer meg med lav fart den steinfrie strekninga og går enda lavere. Akkurat når eg vil berøre bakken oppdager eg likevel nokre steinar som verkar farlege. Kjapt dreg eg flyet opp og over, men so ser eg steinfri flate framom meg – og snart berører hjula den mjuke sandgrunnen på Bjørnøya!
Men med det same dukker det igjen steinblokkar opp rett framom meg, eg dreg begge gasspakene framover og løfter maskina fort opp. Den første berøringa med øya har gått bra, men det er nok fleire utfordringar med terrenget enn eg hadde trudd.
(Fritt oversatt frå Schwerdtfleger & Selinger s. 172)

Dei flyr fleire runder med fleire forsøk, men greier ikkje lande, kvar gong må dei opp igjen pga steinblokkar som ligg i vegen. Men Schütze er nøgd likevel, for sandbunnen kjennest fast ut, han er sikker på at her går det an å lande. Men fyrst må dei rydde ei landingsstripe.

19. okt: HE111 droppa 4 fallskjermjegarar for å ordne til flystripa, som blir 450 m lang (kort!) og 10-15 m brei.

20. okt: Første landing, med ekstra bakkemannskap, forsyninger, våpen og teltutstyr. 10 mann skal no utbetre flystripa, som til slutt blir 700 m lang og 15-20 m brei. Dei dreg på rekognoseringsferd til busetningane nord og aust på øya (Nordhamna og Tunheim). Ruta er teikna inn på kartet nedom («Erkundungsweg»).

20. oktober 1942. Bakkemannskapet på Bjørnøya som skal rydde landdingsstripa ytterlegare. He 111 i lufta. Bilde fra Schwerdtfleger & Selinger (1982)

27. okt: Andre landing, no har dei med vêrstasjonen Kröte som skal settes opp.

27. okt 1943: Rudolf Schütze tar seg ein tur til «vestkysten» på Bjørnøya, medan bakkemannskapene setter opp verstasjonen «Kröte» . I bakgrunnen He 111. og Hambergfjellet.Bilete frå Schwerdtfleger & Selinger (1982) .

Bakkemannskapene bor i 2 telt under arbeidet med landingsstripa. Ein av dei, Pilchmair, har ført dagbok over desse dagane, som er gjengitt i Schwerdtfleger & Selinger (1982). Nettene er kalde, han skriv at dei frys kvar natt. Det bles visst konstant og mange snøstormar blir nemnt. Dei byggjer ein «mur av mose og jord» kring teltet, som «glitrar som eit krystallpalass inni».

Vi ventar forgjeves vår maskin (flyet), ho kjem ikkje i dag. Det er slutt på røyk, den siste hermetikken blir varma, stemninga er temmeleg laber. Walter spelar nok ca 2 timar på munnspelet sitt, da sovner vi i håpet om at flyet kjem i morgon. Te og sukker gjekk vi tomme for for tre dagar sidan, vi drikk berre varmt vatn. (Fritt oversatt frå Schwerdtfleger & Selinger 1982).

29. okt:Tredje landing, mannskapet blir henta og Kröte sett i drift. Kröte sender no vêrdata 5 gonger i døgnet.

Bjørnøya 29. okt 1942, HE111 står på bakken, eit telt i forgrunnen. Kröte blir sett i drift og bakkemannskapet blir henta. Ein Junker 88 i lufta. Bilete frå Schwerdtfleger & Selinger (1982).

Kartbilete frå Schwerdtfleger & Selinger (1982). Kartutsnittet syner flystripa og plasseringa av «Standort Kröte». Teikna inn er også ruta (Erkundungswegen) dei gjekk for å kartlegge hytter og busetninger på nord- og austsida av øya. Dei gjekk til Tyskerhuset (Tyski hütte), Tobiesens hus, Laksvasshytta (?) og Tunheim.

Ei lita «platting» er bygt opp ved enden av landingstripa, plasseringa stemmer overens med kor «Kröte» er avmerka på kartet. Kanskje var det her den automatiske vêrstasjonen stod? Bilete: Lisanne de Blecourt

I dag er det ikkje mykje restar å finne etter det som skjedd på flystripa under krigen. Eg har tråkka opp strekninga fleire gonger, og har knipsa nokre bilete av det som er å finne. Til venstre: Reflektorskilt som markerer nordenden av landingsstripa. I midten: trekassa, der ein kanskje oppbevarte utstyr (?). Til høgre: udefinert gjenstand. Eg har lest noko om festekopp (?) til fallskjerm som skal ligge igjen her på bakken, kanskje er det det?

Arado 232

7. aug 1943 lander Schütze for 4. og siste gong på Bjørnøya, denne gongen med ein Arado 232. Flyet er tungt og synk ned i gjørma. Dei får eit svare strev med å få flyet opp igjen. Korleis dei fekk til dette, kan ein lese om i boka. Dei nytter mellom anna fjøler, som blir droppa frå fly, innunder hjula. Når dei endeleg har fått opp flyet, er batteria utlada, og det er tomt for drivstoff. Både batterier og drivstoff blir droppa frå fly med fallskjerm (ein drivstofftank blir knust når han når bakken og tar fyr), og til slutt får dei flyet på vingane att, da har det blitt 21. august. Det blei siste flyet som har landa på denne flystripa på Bjørnøya.

Aradoen var tung, og sank ned til akslinga ned i den mjuke bakken. Bilete frå: Schwerdtfleger & Selinger (1982).

…og slik ser det ut på samme staden i dag! Djupe spor der Aradoen sank ned, er framleis synlege.

Flyspor er framleis synlege på bakken hausten 2023. I enden av flyspora er djupare forsenkninger i bakken der Aradoen sto fast i aug 1943. Kassene ein sette inn under hjula er også der. (Bilete Lisanne de Blecourt)

Dette er ein av dei siste turane til Rudolf Schüze. Han styrter med Aradoen veka etterpå ved Drageid 26. aug 1943. På www.flyvrak.no kan ein sjå bilete av vraket.

Arado 232 var ein ny type fly som Wekusta 5, med Rudolf Schütze som flyger, skulle prøve ut. Dette flyet var spesialbygd for arktiske strøk, med eit ekstra sett av små hjul på kvar side av understellet som skulle gjere det mogleg å lande i ulendt terreng. (Pga dei ekstra hjula blei flyet også kalla for «tausendfussler» – tusenbein) Dette var jo absolutt praktisk med tanke på vêrstasjonane som blei sett opp rundt omkring i Arktis på utilgjengelege stader. Schütze prøvde tre prøvelandinger med dette flyet, mellom anna på Bjørnøya. Der strevde dei med at flyet var mykje tyngre enn Heinkel 111, og dei sette seg fast i bakken.

Aradoen da den stod fast på Bjørnøya 7. – 21. august 1943. På bakken står budskapet «… ESSEN…»: Mannskapet treng mat. Dagleg flyr eit kameratfly over for å sjå korleis det går med det stranda mannskapet. Det droppar ned forsyningar til dei. Bilete frå: Schwerdtfleger & Selinger (1982).

I tillegg oppdaga Schütze eit problem til: når ein motor datt ut, noko som visst nok skjedde innimellom, var flyet svært vanskeleg å manøvrere på berre ein motor, noko som ikkje hadde vore noko problem for He111. Schütze meinte at dette burde utbetres, og planen var å fly Aradoen tilbake til Tyskland. 26. aug. 1943 starta dei på turen frå Banak til Værnes. Om bord var også 20 (ca?) ekstra passasjerar: «feriefolk» som skulle heim til Tyskland ein tur. Flyet kom aldri fram, det styrta ved Drageid, alle omkom. Årsaken er ukjent, kanskje var det ein motor som stoppa?

Med dette mista Luftwaffe sin mest erfarne og beste vêrflyger; Rudolf Schütze. Da ingen andre var i stand til å foreta seg slike landinger på utilgjengelege stader i Arktis som Schütze, betydde dette også slutten på at dei automatiske vêrstasjonene kunne bli sett opp og drifta frå fly. Einaste moglegheit framover var å sette dei opp frå (u)båt.

Rudolf Schütze blei etter krigen gravlagt på Rognan ved Bodø. Sjå bilete av grava her.

Ulike typer vêrstasjonar på Bjørnøya under andre verdskrig

Under andre verdskrig sette tyskarane opp fleire automatiske vêrstasjonar på Bjørnøya. Det var to ulike typar: Krøte og WFL (Wetter Funkgerät Land). Kröte var drifta av Luftwaffe medan WFL var drifta av den tyske krigsmarinen. Dei visste ikkje nødvendigvis om kvarandre, og dei var til og med ein gong samstundes på Bjørnøya utan å vere klar over det. I 1944 setta tyskarane også opp ein bemanna verstasjon i Kvalrossbukta: Taaget. Denne var drifta av etterretningstenesta «Abwehr».

WFL – Wetter Funkgerät Land

Automatisk vêrstasjon som den tyske krigsmarinen sette opp rundt omkring i Arktis. WFL var ei vidare utvikling av den sjøbaserte vêrstasjonen WFS (Wetterfunkgerät See, nr 1 – 20). WFL var tyngre utstyr enn Kröte og blei transportert med U-båter.
Dei sylinderforma batteribeholderar fekk akkurat plass i torpedokammeret under transport. Batteria kunne drifte stasjonen i 4 -6 månader, av og til enda lengre.

WLF sendte automatiske vêrdata: temperatur, lufttrykk og vindretning.

Les ein tysk, kan ein lese meir her: Geheime deutsche Wetterstation in der Arktis 1941 – 1945 für Luftwaffe, Kriegsmarine und Heer.

Restar etter batteria etter ein automatisk vêrstasjon WFL i Nordhamna. Bilete: Lisanne de Blecourt

Mellom 1942 – 1944 blei det sett opp 15 slike vêrstasjonar i Arktis, dei får nummer 21 og oppover, og dei får mannlege kallenamn. Ein veit om 6 av dei på Bjørnøya, i Nordhamnaområdet. Wikipedia: Wetterfunkgerät Land byr på ei oversikt:

Edwin: WFL 22. 2. des 1942. Erstatta av Edwin2
Edwin2: WFL 23. 18. april 1943. Demontert når Robert blei sett opp.
Robert: WFL24, U-629, 9. Juli 1943.
Vêrstasjonen blir oppdaga av Westa 5, mannskapet frå Aradoen på flystripa. Det viser seg at både besetninga frå ubåten og flyet var samstundes på Bjørnøya, utan at dei visste om kvarandre.
Dietrich: WFL 27. 7. sept 1943. Transportert av U355.
Christian: WFL 29. 6. des 1943 Transportert av U713.
Hermann; WFL 34. 17. juli 1944. Transportert av U737.

«Christian» eller «Herman» blei i slutten av august 1945 demontert av norske troppar og transportert til Tromsø.

På digitaltmuseum.no kan ein lese eit notat av Franz Selinger, som var på Bjørnøya i august 1983 for å leite etter restar etter dei automatiske vêrstasjonane. Han meiner også at det blei sett opp minst 6 automatiske vêrstasjonar, og han har også funne nokre delar av WFL, som er registrert på digitaltmuseum.no.

Måler vindhastighet og vindretning.

Oppbygning WFL

Slik kunne ein WFL sjå ut. (Wikipedia)

Ein 5 m. høg mast, støtta av 3 føter, 2 av dei forbunden med 2 av sylindrane. Totalt er det 9 sylindrar, som er 1 m høge og 50 cm breide. Sylindrane inneheld batteripakker. Den 3. foten til antenna er forbunden med ein lavere mast, og inneheld eit termometer. I toppen av masta ein anometer og ei vindfane. Fire gonger i døgnet sendte radioen ein koda vêrobservasjon. Batteria holdt 4 – 6 månader, av og til lengre.

Tv: «Luftdruck- und Temperatur – Messkopf». Lufttrykk- og temperaturmåleeining som er plassert i antennefoten på ein WFL.
Th: «Messkopf». Måleeining for vindstyrke og vindretning som er plassert i ein av sylindrane på ein WFL.

Gjenstanda er registrert på www.digitaltmuseum.no og er kanskje frå Bjørnøya,
eller frå WFL 21 i Signehamna.

Krôte

«Kröte» var kodenamnet for Luftwaffe sitt vêrstasjon-konsept som blei sett opp fleire stadar i Arktis. Han vog mindre enn vêrstasjonen «WLF», noko som gjorde det mogleg å transportere han med fly (WLF var so tung at den måtte bli frakta med U-båt).

Kröte bestod av ei antenne oppspent mellom 2 master med 5 m avstand, med svære batterikasser imellom, og ein stor beholder i blekk til sender og urverk. På toppen ei lita kvit hytte med målebeger for temperatur og lufttrykk og luftfuktigheit. Batteria holdt ca 3 månader, da måtte dei lades på ny. Vêrstasjonen trengte altså jamnleg ettersyn.

Bileta over er av delar til ein Kröte – vêrstasjon, frå www.digitaltmuseum.no / Svalbard Museum. Dei har denne infoen:

«Hører til en automatisk værstasjon av typen Kröte. Antagelig den stasjonen som ble hentet inn fra Edgeøya i 1984 av Forsvarsmuseet. … Stasjonen er ubemannet og laget til å måle lufttrykk, temperatur og luftfuktighet. Dataene ble send via morsesignaler videre til Tromsø.«

På Bjørnøya blei Kröte sett opp ved flystripa på nordvestsida av øya mellom 27. og 29. okt. 1942. For å få dette til, blir det først rydda ei landingsstripe. Flyet som landa her for å sette opp Kröte er ein Heinkel He111, ført av værflygeren Rudolf Schütze, Wekusta 5 (Sjå lenger opp i teksten). Ein kjenner att trekassa på toppen – lik den som er på Svalbard museum.

Taaget

Taaget er kodenamnet på den bemanna vêrstasjonen tyskarane sette opp i Kvalrossbukta i 1944. Dei to som skulle drifte stasjonen var den 19 år gamle og tidlegare partisanen Leif Falk Utne (med dekknamnet «Ludvig») frå Kiberg og Ivan Pasjkurov (dekknamn «Josef Balkin») frå Kursk i Sovjetunionen, som var krigsfange. Begge hadde vel meir eller mindre fått valet mellom døden eller å ta oppdraget på Bjørnøya. Dei to kom ikkje overeins, dei hata kvarandre frå fyrste stund.

Taaget låg nede på sletta i Kvalrossbukta. Det er lite å finne der i dag: nokre glasskår og restar etter batterier. Bilete: Lisanne de Blecourt

Vêrstasjonen blei ein fiasko. Til å starte med kom det ingen observasjoner, so ein ubåt måtte sette folk på land for å sjå kva som foregjekk. Det var eit rot i den lille hytta, matvarar låg framleis ute i snøen og radioen var tom for straum og ute av drift. Ludvik var mest opptatt av å farte rundt på øya og jakte, medan han overlot jobben til «Balkin», som i grunn var den dårlegaste radiooperatøren av dei to. Ubåtmannskapet fekk lada batteria og gitt nye instruksar. Etter dette kom det inn ein del observasjonar, men ut på nyåret kom det ei nødmelding. Balkin ville bli henta, da Ludvik hadde «blitt borte på ein jakttur» og han hadde blitt åleine. Balkin vart henta av ubåt, og radiostasjonen blei avvikla. Etter dette forsvann spora etter Balkin.

Men etter nokre tiår – dukkar han plutseleg opp igjen! Under sitt eige namn – Ivan Pasjkurov. Det viser seg at han har vore i Noreg heile tida, han reiste ikkje tilbake til Sovjetunionen etter krigen – der ville ein som han – som lot seg ta til krigsfange og attpåtil meldte seg friviljug til teneste for tyskarane – heilt sikkert blitt skutt eller hamna i Gullag. I staden utgir han seg for å vere polsk, og lukkast med det. Han lever under eit anna namn, blir gift og får barn, og bur på Røros. Først etter lang tid tør han å reise tilbake til Russland for å helse på si gamle mor – og so utgir han ei bok: Tapte år (Falken Forlag).

Tapte år av Ivan Pasjkurov, 1990

I Tapte år kan ein lese om Pasjkorov sitt underlege og tragiske liv. Og han fortel om tida på Taaget på Bjørnøya. Om korleis Ludvig hersa med han og truga han heile tida med pistolen sin: «Berre ein av oss kjem heim!».

Og no endrar han historia: Ludvig blei ikkje borte på jakttur, nei han kvelva med båt og drukna! Han hadde drukke seg full, slik han ofte gjorde, og kommandert Balkin til å sjøsette jolla, han var lei av boksemat og ville ha fersk fisk. Utpå tek han til å rope og reiser seg og gynger slik at båten går rundt. Balkin greier å kare seg på land, Ludvig er borte. Slik fortel Pasjkurov historia i etterkant. Pasjkurov lever ikkje lenger.

Vil ein vite meir om Taaget vil eg tilrå å lese boka! Ellers står det også ein interessant artikel i Polarboken 2013-2014: Luftwaffen-Wetterstation Taaget i Kvalrossbukta på Bjørnøya av Gustav Rossnes.

Fleire fly på Bjørnøya

Dette er litt på sidelinja av artikelen, men no som eg har skrive om dei 4 gongene det landa fly på flystripa, er det kanskje nokon som lurar på om det har landa fleire fly her? Ikkje på flystripa som vi veit om. Men vi veit om vraket av ein Junkers 88 som ligg like ved stasjonen – som buklanda der 4. nov 1944. Og so styrta det eit postfly her, ein Catalina, 28. mars 1954. Ein i besetninga overlevde, og vart berga av besetninga på stasjonen. Det er skrive mykje om denne dramatiske hendinga, og ein av propellane står som minnesmerke på stasjonen i dag. Men det er eit fly til, som har landa her for å levere årets første 40 kg post, 6. mai 1976.

Det er Ole Jacob Raad som skriv om dette i ein epost til Bjørnøya Meteo i 2018. Han og polarflygersken Ingrid Pedersen landa med ein Cessna 206 «på en frossen brøytet myr (?)«. Han sender også nokre bilete, som han skriv vi gjerne må nytte for å fortelje historia. På bileta kan det sjå ut som flyet står på eit islagt vatn, og stasjonssjefen Mats Kågström meiner å ha høyrt at det blei rydda ei landdingsstripe på Laksevatnet eingong, so det kan kanskje vere der. Her er bilete av Cessnaen:

Ein Cessna 206 leverer årets første 40kg post på Bjørnøya 1976. Bilete: Ole Jacob Raad

Oppdatering: Det viser seg at Ole Jacob Raad skreiv ein artikkel i Polarboken 2017-2018 etter denne epostvekslinga: ”Tøffe tak” på Nordens tak – noen opplevelser med fly i Arktis . Der kan ein lese meir om turen over Spitsbergen, landinga og mottakinga på Bjørnøya:

Vi blir servert kaffe, te og snitter i “stuen” som har tre store vinduer mot nord. De kalles TV1, TV2 og TV3. Aldri er jeg verken før eller siden blitt så heftig fotografert! Suvenir får vi også, – et ølkrus med kart over Bjørnøya . (Polarboken 2017-2018)

Veit du meir?

Det som starta som jakta på stoff om historia til flystripa blei etterkvart utvida til automatiske vêrstasjonar og den bemanna stasjonen Taaget i Kvalrossbukta. Det viste seg at det finst masse spennande stoff, so dette skrivet blei berre lengre og lengre! Det kan godt hende at det har snike seg inn nokre feil, eg har lest ein del av stoffet på tysk, det er henta frå både nettsider og bøker og ein del er skrive etter minne frå det eg leste på nattevaktene. Ta difor alt med ei klype salt! Eg har prøvd å legge inn ein del lenker undervegs, so kan du lese sjølv 🙂

Eg har skrive dette ned for at det skal vere lettare for framtidige besetningsmedlemmer (og andre interesserte) å finne fram til informasjon, for ein blir jo lett nyfiken når ein går tur her og finn restar etter ting som har vore her. Besetninger skifter heile tida, so da går informasjon i gløymeboka, om det ikkje blir prata om i løpet av halvåret. Men når ein tek til å leite, kan det hende at ein finn masse spennandes om temaet! Slik var det i dette tilfellet. No er det snart tid for avreise for min del, so tid til meir finpuss blir det ikkje!

Om nokon har innspel, eller veit meir, kom da gjerne med tilbakemelding!

Lisanne de Blecourt
Meteorologifullmektig