Isfiske i polarnatta

Polarnatta er over oss, og det nærmer seg avreise! Det betyr rundvask av heile stasjonen – og når det er gjort – da er det lugaren! Vi vaskar golv og tak og alt imellom og puter og dyner skal dufte nyvaska. Nokon har til og med hatt ei grundig opprensing i vannlåsen under vasken sin – ja for det står jo på sjekklista! Her skal det skinne både innvendig og utvendig!

Yokon synes isbor er spennande greier! Foto: Ben Koeleman

Innimellom alt strevet har vi jo ei vakt i ny og ne, sender ei ballong midt på dagen og – dagens trim – ein tur ned på kaia for å måle sjøtemperaturen! Den er no på 0,7 grader. Men noko særleg lengre turar enn dét har det ikkje blitt i det siste. Med eit unntak: nokon sela på seg både haudelukt og isbor ein dag og drog på isfisketur!

Blir det fisk mon tru? Yukon følger med – på avstand sjøvsagt. Foto: Ben Koeleman

Det var ein nøgd gjeng som kom heim til middag. Det hadde visst vore ein nydeleg tur med det finaste mørketidlyset!
Ben Koeleman hadde med seg kamera og delte desse flotte bileta med oss.

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.