Sankthansaften med bål og snapsvisor

Sjølv om det er vanskeleg å peike ut «årets lengste dag» her, og ein lett blir litt døgnvill når sola er på himmelen døgnet rundt (om enn ofte bak ei sky) er det all grunn til å feire at sola snur! Den observante leseren vil no undre seg over datoen på dette innlegget og lure på om vi har valgt feil dag til feiringa, men neida, vi er berre litt på etterskot med å poste bål-biletet vårt! Feiringa var 23. juni, slik seg hør og bør 😉 .

Vi lada opp i lunsjen med rjomegraut, og kom ordentleg i stemninga til trekaffen, da vi fekk servert solboller. Nokon av jentene blant oss fekk kvar si blomsterbukett, med sju ulike slag, til å legge under puta om natta. Han som da dukkar opp i draumane er visst han ein kjem til å gifte seg med! Da blomane her på Bjørnøya er ganske so små fekk bukettene lett plass i ei fyrstikkeske. So da var det berre å putte den i lomma og ein var klar for natta!

Her gjeres det klart til kosestund ved Hammerfesthuset (eldste huset på Svalbard!)

So braka det laus på kvelden med grilling ved hammerfesthuset. Da veret var ganske fint var det ikkje vits i å gå inn, so vi satt utafor og naut den arktiske kvelden for det den var verdt. Ymer og Yukon var også med på kalaset.

Ben og Nils Rune prøver seg på styltene. Yukon mellom stylteløparane. Skodda lurer i bakgrunnen, men enn so lenge har vi sol!

Ekstra artig var det å få nokre innslag av Sankthans-tradisjonane frå broderlandet, i form av svenske drikkeviser, altså «snapsvisor». Det var eit heilt hefte, so det gjekk med litt snaps for å komme gjennom det. Svenskekokka, altså Anna, førte an, so vi klarte oss fint!

Etterkvart kom skodda, og da passa det jo fint å tenne på bålet. Etter dei siste snapsvisorna var sjungit, og Lisanne hadde spelt nokre melankolske viser på trekkspelet bar det i badstua. Dupp i havet blei det også!

Blomsterbarn og bål

Vi skal ikkje sove bort sumarnatta, og det gjorde vi da heller ikkje, men det vart nokre timar på øyret til slutt. Om det var noko mannfolk som dukka opp i draumane til øyas piker og pepparmøer den natta vites ikkje, men uansett kan blomane visst brukast oppatt: om ein sparar dei til julebadet, og strør dei i badevatnet, ja da vil du halde deg frisk og rask heile beste år! So no gleder vi oss til julebadet, fortrinnsvis i stampen 🙂 !

LdB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.