Agurknytt: obsejakka er reparert!

Ei velkjent og kjær jakke for mange som har vore her: den blåe obsejakka🩵! Den holdt på å revne frå kvarandre, men no er den reparert og klar for ny sesong!

Til reparasjon: den blåe obsejakka under nåla.

Når ein skal ut for å obse (kvar time) er denne jakka deilig å slenge på seg, akkurat passe romsleg og lett å ta på seg i ein fei. Og akkurat dét er noko mange met-fullmektiger har gjort opp gjennom åra, for denne jakka har vore her i mange, mange år. Kor lenge, det er det ingen som veit (eller?)!

Den begynner å bli ganske so slitt, men tidlegare reparasjonar tydar på at ein likevel har ville tatt være på denne go´jakka. So når den i haust begynte å få alvorleg store flenger og nærmest revna heilt frå kvarandre var det på tide å følge opp! Heldigvis har vi syrom med den mest avanserte symaskina du kan tenkje deg her på øya. Syersken var nok ikkje like avansert, men fann posisjonen for å sy fram og tilbake – og vips so var jakka reparert!

So nå er den klar for ein ny sesong med obsing 😍!

Når vi først skriv om den blåe obsejakka kan vi ikkje la vare å også nemne den kule lilla 90-talsjakka og den grøne militærjakka i ballongrommet. Desse har sikkert minst like lang «fartstid» som den blåe obsejakka – om ikkje lenger! Dei er gode å ha når ein skal ut og sende ballong.

Veit du noko om historia til desse favorittjakkene? Da vil vi gjerne høyre frå deg ⬇️!

LdB

Halvmaraton på Bjørnøya

I tolvtida i dag gjekk årets første (og siste?) halvmaraton av stabelen på Bjørnøya. Med på det lange løpet er øyas spreikaste; Mads Opedal Gulbrandsen (32)! Øyas hobbyjournalist tok seg eit par minutters pause frå radiovakta for å dekke saka, og slår følgje med heiagjengen som er på veg bortover isbjørngangen.

På grunn av vêrtilhøva ute (mørketid, is og slaps kombinert med litt fokk og rokk) fallt valet for lokasjon for løpet på trimrommet. Der står ein førsteklases tredemølle med med alle funksjoner og finesser ein kan tenkje seg.

Heiagjengen på veg inn i trimrommet

På veg inn trimmrommet ropar heiagjengen taktfaste slagord som blei øvd inn i isbjørngangen:

Brasse brasse mandelmasse!

På mølla treffer vi Mads i godt driv mot målet. Målet er 21 097,5 metar som tilsvarar halvparten av den offisielle distansen for ein maraton. Displayet syner at han har løpt litt over 10 km so langt. Dette må det heiast på!:

Vi har gått över bron – för att se en kanon! Heia Heia Mads Mads Mads!!

Mads slakkar litt ned på farta for å slå av ein liten prat. Korleis går det? – spur vi.

Det går bra so langt, men eg veit det blir tungt mot slutten.

Men det mest utfordrende med dette løpet er det psykiske, meiner Mads:

Nå har eg løpt ein mil og har framleis ikkje flytta meg ein meter!

For å oppmuntre Mads litt byr heiagjengen på forfriskningar: brus og krokodiller. Krokodiller er det beste Mads veit – so betre kan det ikkje bli! Fullt av fornya energi spurter han i veg igjen. Litt over ein mil igjen!

Men vi må gå, det er tid for neste obs! Og nokon skal tilbake til grytene 😛

Lukke til da Mads, rekker du trekaffen?

Mads speeder opp enda litt – ja, det er visst målet!

LdB

Mørketidslys og afternoon-tea

Mørketida kjem med det vakreste lyset på formiddagene! Berre sjå kor fint det kan vere her (når det ikkje er snødrev på tvers)!

Det som er litt deilig med mørketida er at ein kan vere inne med god samvittighet, ein treng liksom ikkje å springe ut på tur lenger kvar gong ein har fri. So no storkosar vi oss inne, med strikking, lesing, trening og badstu, brettspel og pingis og kanskje litt kvalitetstid på lugaren – om ein rekker det da.

Kåken vår.

For å lyse opp inne og legge til rette for maks stemning i spisestua disker kjøkkenet stadig opp med alt som kan fryde den matglade besetninga; som sist søndag med AFTERNOON-TEA!

Her var det delikate makroner med ymse fyll, kaker, scones med diverse dipp og ostar, deilig påsmurt og sjølvsagt bobler i glaset!

Nokon hadde aldri vore på afternoon-tea før, og da er det ikkje godt å vite kva som forventes av antrekk til ein slik anledning. Men eit søk på nett gav oss svar. Her ser du resultatet!

Nokon som er heilt klare for Afternoon – tea!

No har det også kome sopass mykje snø at nokon har funne fram skia!

Som dokker ser, her er berre velstand!

LdB

Siste solglimt for i år

Frå i dag kjem ikkje sola over horisonten lenger, det er mørketid! Men, heilt mørkt er det ikkje, sola er like under horisonten på dagtid – vi har tussmørke. Men, mørkere blir det – frå 29. november er sola so langt under horisonten at det ikkje skumrer lenger heller – dette mørket blir kalla polarnatt. Mørketida på Bjørnøya varer fram til 4. februar.

Deler her nokre bilete av det siste glimtet vi fekk av sola. Takk for i år sol!

Det finnes ulike grader av tussmørke og polarnatt, som td «nautisk tussmørke» og «astronomisk tussmørke». Du kan lese meir om dette her: Meteorologene rydder opp i mørketidsforvirring.

Første morgon i mørketida: 10 blå og stjerneklart.

I dag våkna vi til 10 blå og stjerneklart! Nattavakta har meldt CAVOK* tre timar på rappen og morgonvakta kosar seg med blåtimen. Er det ikkje vakkert?! Bra start på mørketida!

LdB

*CAVOK = ceiling (or clouds) and visibility [are] OK. Altså: ingen skyer under 5000ft og bra sikt!

Arbeidsfolk på huset

Vi har hatt besøk av to stk arbeidsfolk i eit par veker. John-Petter og Thorbjørn kom med haustbåten, og hadde med seg mange storsekker med sement. Det viste seg fort at dette var to kjekke og blide karar, som har vore meget hyggelege å ha på huset!

John-Petter og Thorbjørn i gang med støypearbeid.

På dagtid visste dei å nytte det som er igjen av dagslys til å bore i berget, forskale og støype. Det skal visst bli fundement til ein mast (eller kan det bli eit laboratorium 😉 ?). Trekaffe hadde dei ikkje tid til, her skulle det jobbes! Men på kvelden var det tid til å vere sosial med oss 😀 .

Allereie første kvelden lurte Thorbjørn på:

Kva gjer dokker på på kvelden eigentleg?

Og – medan han gransker skapet med brettspel:

Skal vi spele spel?

Og vi er ikkje vanskeleg å be – klart vi vil spele spel! Med haustbåten kom det til og med masse nye spel (som framtidige besetningsmedlemmer berre kan glede seg til!), som Ryktet går, Ikke lov å le og nye utgåver av Ticket to Ride.

Nytt spel på huset! Her prøver vi «Rails and sails» av Ticket to ride.

Vi prøver oss på «Rails and sails». Her er det mange brikker (tog og båter) og kort å halde styr på. Men Anna har SVART BELTE i Ticket to ride, so ho forklarer regler og kjem med lure tips. Det viser seg å vere eit laaaangt spel, men vi blir ferdige til slutt!

Ein dag det plutseleg blei ekstremt fint ver (sol, snø og ingen vind) fekk arbeidsfolka seg ein tur til den nedlagte gruvebyen Tunheim. Det blei visst ein strålande tur!

John-Petter delte desse flotte bileta med oss:

På tur til Tunheim. Foto: John-Petter Røkkum
Jernbanespor på Tunheim. Den er ca 2 km lang. Foto: John-Petter Røkkum
Verdas vakreste plass. Foto: John-Petter Røkkum

No er sementet støpt, og da var det på tide å vende snuta mot fastlandet igjen.

Vi takkar so veldig for besøket!

LdB

Vi feirer Mats!

Vår kjære stasjonssjef Mats har har fått feira dagen sin! Om enn litt på etterskot – men med absolutt alle ingredienser ein spilleglad besserwisser og ishockeygal svenske på ei ishavsøy kan ønskje seg! Her vanka det både raggmunk med flesk, bord-ishockey, «røkt gjøk med løk», lingon (altså tyttebær blant den norske delen av besetninga) og jo, sjølvsagt eit slag BEZZERWIZZER! Men da i ultralokal utgåve.

Feiringa starta ved trekaffen, da bursdagsbarnet fekk både krune, kake og sang. Slik alle sikkert ser har kruna ei samling ishockeykøller på toppen.

Bursdagsbarnet har fått godstol og pynt. No er det duka for feiring!

Bezzerwizzer

Dei som kjenner Mats veit at han er i overkant glad i å spele Bezzerwizzer. Spelet der ein skal svare på spørsmål i ulike kategoriar er stadigvekk framme og har kosta oss adskillige timer nattesøvn. Her fekk Mats bryne seg på ein heilt ny utgåve av spelet – med berre ein deltakar og ultralokale spørsmål!

I kategorien Design fekk Mats servert eit spørsmål på sølvfat:

Hva er dette og hvem har laget den?

Mats prøvde seg med «hespetre» – men det viste seg å vere feil! Veit du svaret? Du finn det nedst i innlegget!

I kategorien «Film» var spørsmålet:

Hvem spiller rolla som fisker i den ramsalte reklamefilmen «Alene om smaken» av Mills Kaviar?

Her blei Mats svar skyldig – til og med etter å ha sett filmsnutten fleire gonger. Tenk at han har vore sambuar no i fleire månader med ei filmstjerne utan å vere klar over det!

For dei som har lyst å prøve seg tar vi med nokre fleire spørsmål. Svara finn du nedst i innlegget!

Mat og drikke

Hvor mange kg tyttebær har besetninga spist siden 6.juli?

A: 12,5 kg B: 17,5 kg C: 22.5 kg

Arkitektur:

Hva var det opprinnelige navnet til hytta i Teltvika?

Historie:

På dette bilde ser vi det som antakeleg er den eldste fremstillinga av Bjørnøya på papir. Når var det?

Fra oppdaginga av Bjørnøya. På veg mot land møtte nederlenderen Willem Barentz og mannskapet hans på ein svømmende isbjørn, som dei prøvde å ta has på med ein øks. Teikna av Gerrit de Veer som var med på ekspedisjonen.

Bursdagsmiddag

Til middag vanka det andebryst med ein særdeles god saus med ein spesiell lokal ingrediens (som vi dessverre ikkje kan røpe opphavet til). Til dessert var det Crème Brulé, ein favoritt til fleire her!

Tournering i bordishocky

Etter middagen gjekk turen til Charlie 4, «pøbben» på øya. Her var det rigga til bord-ishocky turnering, der Mats fekk møtte ein etter ein til kamp. Det blei mange (harde) kamper, for vi er for tida heile 13 mann på øya!

Her blir Mats overraska (eller overmanna?) av Alexander, som ser ut til å gå hardt ut mot bursdagsbarnet!
Godt med ein kvil etter strabasene. Bård (gjest og radiosondemann) og Mats lader opp til neste post på programmet.

Vi avslutter kvelden med ….

Eit slag Bezzerwizzer so klart! Men no er det tilbake til den «vanlege» utgåva. Dette settet har hatt eit langt liv på ishavet allereie, mange slag har blitt utkjempa på dette brettet! Det har til og med vore ein tur til fastlandet med Mats, slik at han også kunne spele ombord i kystvakta på veg heim. Men no har det altså kome tilbake til øya – og sjølv om brikkene er litt slitt, engasjerer spørsmåla framleis!

Litt slitte brikker, dette spelet har merker etter mykje bruk.

Kven som vann vites ikkje, for skribenten måtte kaste inn handkledet før spelet var slutt. Det tar på å feire bursdag 😀

Fasit på Bessewizzerspørsmåla:

  • Design: Svar: Nøstepinne laga av Kine
  • Mat og drikke: Svar: B:17,5 kg
  • Arkitektur: Svar: Viktoriaterrassen
  • Historie: Svar: 1596

Frå hytteboka for Teltvika 1974:
«Siden Sherriffen (Sysselmannsbetjenten Gunnar Kolm) deltok so aktivt i første delen av reisingen fant vi ut at hytta burde hete «Viktoriaterrasse», så slapp han lengte tilbake til den vanlige jobben sin i fremmedpolitiet«.
(Vi veit ikkje kor lenge dette namnet var i bruk, i dag seier vi berre «Teltvika».)

LdB

Haustbåt

Endeleg kom han – den sokalla «haustbåten»! I år var det KV Harstad som fekk flotte seg med det midlertidige kallenamnet – som for oss som helde hus her på drømmeøya i Barentshavet har ein spesielt varm klang. Haustbåten kjem nemleg med forsyningar, som mjølk, grønsaker og – ikkje minst – poteter! VI HAR GLEDA OSS LENGE!

Vi trur det ikkje før vi ser ho, men der ligg ho altså: KV Harstad . Haustbåten har kome!

Vi har vore oppe tidleg alle mann, og etter ein rask frukost med graut står vi klare på kaia kl. 7.00. Det er framleis litt mørkt, so fotografen må vente med å ta bilete til det lysnar litt. Like greitt, for det viser seg at mjølkekartongar, rømmebeger m.m. nærmest kjem enkeltvis, so her trengs det mange hender til å lempe alt på land.

Vi holdt på å miste to mjølkekartongar med HELMELK på sjøen, men heldigvis vart dei edle dråpene berga i siste liten!

Sjøbjørn i hasutsol – eit vakert syn!

Det kjem visst meir enn berre matvarar. Både arbeidfolk og byggvarer er med på lasset! Vi får 3 gjester på huset og det skal vedlikehaldes utstyr og settes opp ei mast. Hyggeleg med besøk!

Ein kabelrull blir løfta trygt på land.
Det kjem mange lass med sement.
Det er ein del sjø, so her gjelder det å vere snar mellom bårene. Dette hivet gjekk bra!
Etter ca 30 turar med 2 sjøbjørnar begynner det å hjelpe. Siste tur blir annonsert på VHF-en.
Sjøbjørnen kjem ein siste tur for å hente kranføraren. Han skal bli med vidare til Hopen. Der er det også nokon som gledar seg til haustbåt!
Mats og Lisanne er nøgde med fangsten. Sjå detta her da! Foto: Mads Opedal Gulbrandsen

Når kvelden kom vanka det middag med ting vi ikkje visste vi hadde sakna. Nykokte poteter 😛 Grønsaker i alle fargar gjekk ned på høgkant. Bacon i store mengder var heller ikkje å forakte, og det saman med kortreist torsk… igjen ein høydare ved matbordet!

LdB

Kystvaktbesøk og eit nakenbad

Vi har hatt kystvaktbesøk! KV Harstad trossa nordavind og bra med sjø, sjøbjørnen surfa på bølgene og slapp i land den eine pulja etter den andre. Da var det duka for triveleg kaffeslabberas i stova, shopping i velferdsbutikken og for nokre få staute karar: eit forfriskande nakenbad!

4 staute karar lader opp til eit forfriskende bad med fotosesjon ved totempælen.
Sjøtemperaturen held 4,1 grader. Her er det berre å hoppe uti! KV Harstad i horisonten til venstre.

Målet med det iskalde badet er å bli medlem i Bjørnøya Nakenbaderforrening og få utstedt eit gjevt nakenbader-diplom som ein kan henge opp t.d. på lugaren. Desse gutta fekk bestått med glans!

Full sprint tilbake til varm badstu 🙂

Etter badinga var det dags for litt hopping i Velferdsbutikken. Fine ulltrøyer, wiskyglas, badehandkle med nakenbadelogo og handlenett (veldig lurt!) var blant favorittene for denne gjengen!

Desse gutta har sikra seg nokre flotte suvenirar i Velferdsbutikken.

Gjestane kom ikkje tomhendte på besøk, dei hadde med seg to svære bagger med mjølk til oss! Vi har vore tomme for mjølk i fleire veker, so mange vart nok glade for desse «edle dråpene».

Grønsakslageret er også ganske tom, vi ventar nemleg framleis, litt på overtid, på «haustbåten» som skal kome mye nye forsyningar. Særleg POTETER er sakna av mange! Men eigentleg merkar vi ikkje stort til grønsaksmangelen, for kokkane våre greier å trylle fram dei mest fantastiske måltidene likevel, med grønt frå både fryseboksen og vinduskarmen!

Vindusgrønsaker, Her: spirer av gule erter.

Som dokker ser: her er berre velstand!

LdB

Skoddesesongen er slutt – hausten kjem med snø!

Etter ein sommar med skodde i lange baner kom det endeleg eit verskifte: det blei kaldare i lufta og skodda forsvann! Sola titta frem og vi fekk endeleg eit etterlengta solglimt i auget. Vi kunne sjå Miseryfjella igjen, utsikta over havet var tilbake, og mange nytta høvet til å komme seg på tur!

Deilig å vere på tur igjen utan skodde! For ei lukke å komme til Russehamna slik ein nydeleg kveld!

Men med den temperaturendringa tok det ikkje lang tid før det torna seg opp med bygeskyer over det «varme» hav, og nedbøren kom – som snø! Den som vakna på hytta i Russehamna fekk seg ei overrasking om morgonen!

Morgonsol i Russehamna. Og, for den dom ser godt etter: nysnø på bakken! Her skal morgonkaffeen nytast ute!!
Kapellet – den gamle velferdshytta.
Hundehuset og «Kafe Lognvika». Servitøren er inne og kokar graut til frukost!
Finaste plassen altså! Russehamna med Miseryfjella i bakgrunnen.
Kafferast og bok på «Blåsa».
På veg opp Miseryfjellet
Forsøk på å bestige Urd (536moh). Dessverre hadde sola og vinden glassert fjellet, og utan broddar var det berre å snu her!
Etter å ha gått ned Fallvindsdalen går turen retning Skutilen. Ein svær CB nærmer seg og slepper ned ei kraftig haglbyge!
Ved vatnet «Grautauget» viser det seg å vere både isete, steinete og blaut – heile vegen rundt. Typisk Bjørnøyaterreng!

Kveldane er mørke no. Koseleg å komme på hytta og kunne tenne oljelampa og stearinlys! Ute dansar nordlyset!

Kobbebukta (mellom Emmaholmene og Teltvika). Fin surfestrand?
Polygonmark – frosten har sortert stein og grus. Det blir nesten som eit labyrint – her gjelder det å finne den lettaste vegen! Men verre blir det, dessverre går terrenget etterkvart over i berre stein: grov ur! Slik kan det gå når ein prøver ei ny løype!
Engelskelva i solnedgang. Snart tilbake på stasjonen – målet er å rekke middag!
Ute for å «obse». Observatøren noterar seg CB (Cumulonimbus) og VCSH (nedbør på avstand).

Dessverre blei det ikkje mange soldagar før det skya til igjen, riktignok utan skodde denne gongen, men derimot med masse vind! No nytar vi heller dagane inne og kosar oss med utsikta over hav og bølger frå stoveglaset. Dagane blir merkbar kortare og langtursesongen ser ut til å vera slutt for denne gong.

Sjøen bygger seg opp i Herwighamna

LdB

Gøy med gravemaskin

Med sommarbåten kom det ein splitter ny Bobcat til øya. Til stor glede for særleg ein i besetninga! Ruben er stadigvekk å observere i minigraveren, det blir gravd både her og der, grøfter, hol og hauger. Det er visst mykje som skal gravest!

Her graves det grøft, og det kjem opp masse rart, som bein og knokler! Vi tipper på kvalross og isbjørn..

Ruben er eigentleg øyas tekniker, og vi ser han gjerne i sving med nye antenner som skal installerast, eller ved 3D-printeren som han får til å printe alt mogleg.

Men han ser meget dreven ut med gravemaskina også, der han sit med kaffekoppen og styrer spakene samstundes. «Kor har du lært detta her då?» lurar eg. «Bare gravd litt heime i hagen og sånn«.

Vi andre får også prøve. Det er veldig gøy, men ikkje so lett, viser det seg. Det er mykje stein! Og berg! Ruben veit råd: «Vi setter på piggen!».

Litt pigging må til når ein møter på berg.
Litt grafsing for hand gjer seg også innimellom.
Sånn ja. No er det snart klart her til å sette poteter!

Medan Ruben graver grøft har 3D-printeren skrive ut ein ølboks-holder til badestampen. Med passende inskripsjon!

Ny ølboks-holder til badestampen. Det viser seg at boksene ikkje passar, men den er derimot perfekt til sjampagneglas!

Etter intensiv graving den siste tida tipper vi at det no snart går tomt for graveprosjekt. Har du eit oppdrag til han kjekke karen her?

Har du eit graveprojekt? Ruben er ledig for oppdrag!

PS: Må vera lokalt da graveren har ein toppfart på 3,5 km/t!

LdB