Plantefarging med navlelav

Garn farga med navlelav

Husflidsstund i hangaren! Vi prøver plantefarging med navlelav. Navlelav veks på stein, og ein finn den rett utafor stasjonen – og elles i store mengder over heile øya. Den er brun og unselig – men let du den gjære i ei blanding av vatn og salmiakk i nokre veker kjem det ut ein intens raud-lilla farge. Tenk at det skjuler seg ein slik spreik farge i naturen på Bjørnøya! Held peikarten over bileta for å lese korleis vi gjorde.

Vi har rigga til verkstad i hangaren.
Lisanne lager hesper av garnnøstene. Barkrakken frå Charlie 4 gjer nytte som hespetre.
Tone siler av fargesuppa fra navlelaven i gryta vi har fått frå kjøkenet.
Fargesuppa siles gjennom dørslaget frå badestampen. Navlelaven har gjort si nytte – fargesuppa har fått ei kraftig lilla farge!
Garnhespene får ligge i fargesuppa medan den blir varma opp til 80 grader, og får so ligge der i 1 time. Røre forsiktig av og til.
Etter ein time på 80 grader er vi nøgd med fargen! Skylle i lunka vatn til skyllevatnet er heilt reint.
Noko av det vi har farga. Alt som er rein ull går an å farge, t.d. ei Brynje-nettingtrøye!
Garnet i sitt rette element. Desse solstrålene er noko av dei siste vi såg før sola gjekk ned under horisonten fOr siste gong dette året. Garnet ser meir rosa ut enn det eigentleg er, det er meir raud -lilla i «innelyset».
Tone og Lisanne digger navlelav!

17 tanker om “Plantefarging med navlelav

  1. Takk for hyggeleg tilbakemelding! Håpar det kan inspirere fleire til å prøve seg på plantefarging 🙂 Ein kan finne mange planter i naturen som gir farge, men her på Bjørnøya veks det jo ikkje so mykje. Eg har funne to fargeplanter – eller rettare sagt fargelav – namleg navlelav og islandsk lav. Islandsk lav gir ein litt kjedeleg beige farge, men navlelaven gir jo ein heilt fantastisk farge! Kven skulle tru at det skjuler seg slik ein spreik farge i denne karrige naturen?

  2. Så morsomt at dere har eksperimentert med planter som vokser på Bjørnøya! Og fargen er riktig lekker. Men har dere testet ut hvor holdbar den er? Om den tåler lys? Jeg skrev for mange år siden en artikkel om plantefarging med lav som ga en rød farge, men den var dessverre veldig lite holdbar. Husker ikke akkurat nå hvilken lavart det var.

  3. Hei! Nei vi har ikkje testa om den er lysekte – det hadde heller ikkje vore mogleg no – for sola har gått ned under horisonten for resten av året 😉 Men eg trur den skal vere ganske holdbar – har lest litt om det på nettet. Men det er første gang eg prøver med navlelav – so eg er ikkje sikker – tida vil vise! Kan den laven du skriv om, som gir raudfarge – vere korkje?

  4. Så flott! Har farget garn ‘rødt’ i høst med krapp o cochenillelus. Morsomt! Fargene varierte fra orange til lilla o vinrødt. Hvor mye lav trengs? Hvordan er forholdet mellom vann o salmiakk?

    • Hei! Vi brukte ei blanding av 2 deler vatn og 1 del salmiak, det lukta ganske sterkt! Rør saman med den tørka og knuste laven til ein tjukk graut. Låt det stå i romtemperatur i 3-4 veker, i starten må ein røre kvar dag, Trur det er meininga at det begynner å gjære etterkvart, men det såg ikkje vi mykje til, det vart berre litt småbobling. Men allereie etter eit par dagar kjem fargen ut – den blir etterkvart skikkeleg kraftig! Du kan i kvart fall farge dobbelt so mykje garn, om ikkje tredobbelt, som gram tørka lav. Altså: 100g lav til 200-300 gram garn. Lukke til!

  5. Dere må prøve messinglav om den finnes. Slik gul lav som sitter godt fast helt inntil steinen. Det har nesten magiske egenskaper og farger.

  6. Ja prøv messinglav, den gir fine farger. Men husk å la det stå igjen en tredel, så den kan vokse ut igjen.

  7. Dette var fantastisk å lese om, tusen takk, jeg vil også dit, til hangaren og navleavgryta! Er ganske lei av gulfargene, brukre bare de lokale plantene her i Øst-Finnmark, nekter å trikse med noe annet, men til våren/sommeren blir det navlelav. Tips om sjekk av farge-holdbarhet; lag en liten bunt av farget garn og vask den i maskinen, sammen med andre klær, vask om og om igjen. Første gang jeg farget garn var i finnmarkspors, impulshandling, uten beising. Strikket votter av garnet, men så leste jeg leste jeg om hvor viktig beising var. Jeg brukte istedet vottene til å tove andre strikkede produkter med, brukte den masse, masse ganger i grønnsåpevann, men finnmarkspors-fargen forsvant aldri… men vottene ble til slutt ødelagt av all vaskingen….

Legg igjen en kommentar til Ingrid Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.