Hurra for Vidar!

vidar56Vår allers kjære Vidar feira dagen sin for vel ei veke sidan, ein dag han seint vil gløyme, trur vi. Til middag hadde han rett og slett ønskja seg «meddag», altså flesk og duppe, og blautkake til dessert.Slik det går fram av bileta fallt dette i smak hjå det fleste, og særleg bursdagbarnet verka godt nøgd med serveringa.

middag2

Utpå kvelden vanka det både kaffi og konjak, og dessutan nokre heilt spesielle gåver, i ei «innpakning» heilt utanom det vanlege. Inge (eller var det Laban?) hadde nemleg funne den knekte enden av vandrestaven til han Vidar, som han etter sigande mista ein gong på 90-talet han var på walkabout. No fekk vi høyre litt tå kvart om kva ein slik walkabout går ut på…bcfg

Etterpå vart det song av ein lokal variant av Voi-Voi til han Vidar, og overrekking av ei hue som met-fullmektig-jentene strikka på natteskift. Vi håpar hua kan vere til hjelp når Vidar skal ut og obse i skodda, for å hugse på METAR-koden «Broken fog»: BCFG

.

Kvelden vart avslutta med eit forrykande foredrag av arkeologen Dag Nevestad, om piratveksemd på 16/1700-talet i nordområdene.

Ps: Siste gong Vidar vart sett var med hua på hovudet og Laban i band, klar for ein ny walkabout.

 

 

Én tanke om “Hurra for Vidar!

  1. Utrolig morsomt å lese om livet på øya, det være seg historie, natur eller om de som holder hus på stasjonen nå. Går det an å ønske seg noen bilder av «livvaktene» som trofast holder oppsikt ute? Herlige firbente venner dere har.

    Hilsen Kjersti N.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.