Opning av ny midlertidig velferdsbutikk

På grunn av ombyggingar måtte velferdsbutikken flytte inn i midlertidige lokaler, og etter litt snikkering av nye hyller og plassering av varer var det klar for opning!

DSCN2725

Finn Ei slik storhending måtte sjølvsagt feirast med velkomstdrikk, kanapear og snorklipping ved stasjonssjef/ordførar Finn. Torstein

 

 

 

 

 

 

 

Og, slik det er vanleg ved alle større opningar; kulturelle innslag. Her ved Torstein med gitar og song.

Alle dei «faste kundane» fekk deretter ei orientering over alle funksjonane butikken byr på

. Butikksjef Tone forklarte korleis ein går fram når ein ønskjer å handler ei vare i den døgnopne butikken, medan postfunksjonær Lisanne orienterte om avdelinga «Post i butikk».

ingeEtter den offisielle delen av opninga var over vart det loddtrekning på inngangsbilletten, der det vanka pakke til alle (eit representativt utval av varene i butikken)! Til slutt fekk sjølvsagt alle handle av hjartans lyst. Butikksjefen rapporterar om ei solid omsetning!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.