I dag fekk vi førespurnad frå ein journalist som ville vite om vi hadde noko å seie om det faktum at det var 3,6 grader på Bjørnøya i natt, medan det var 3,7 grader i Bergen. Også lurte ho på om det var Bergensarar her i år. Og jau, det er det! Thomas Holgersen er frå Bergen, 30 år, og tilsett som kokk
. Det er hans første sesong på Ishavet
. Hans spontane reaksjon på veret her på stasjonen i dag var: «Akkurat det samme været som hjemme!». Her ser du han ute i «Bergensværet» på Bjørnøya – nesten som å vere heime!